Hopp til innhold
X
Innhald

Deputert

Deputert (frå latin deputatus, via fransk député, jamfør deputasjon) er det same som ein fullmektig, representant eller utsending.
Deputert blir særleg brukt om ein representant til ei folkevalt lovgivande forsamling, til dømes den franske nasjonalforsamlinga som tidlegare vart kalla Chambre des députés, deputerkammeret.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012