Hopp til innhold
X
Innhald

Direktorat

Direktorat er namn på eit offentleg forvaltingsorgan som er leidd av ein direktør. Ein skil mellom to hovudtypar: Direktorat som avgjer saker dels sjølvstendig og dels på vegner av statsråden, til dømes Helsedirektoratet, Poststyret og Vegdirektoratet, og direktorat som tek alle avgjerder sjølvstendig og på eige ansvar, til dømes Rikstrygdeverket og Fiskeridirektoratet.
Råd eller styre er knytte til mange direktorat. I dag er det alminneleg akseptert at eit direktorat ikkje bør vere eller bli gjort til ein integrert del av eit departement.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012