Hopp til innhold
X
Innhald

Eksterritorialrett

Eksterritorialrett er den immuniteten følgjande grupper nyt etter folkeretten: Framande statsoverhovud og følgjet deira under mellombelse opphald, diplomatisk representasjon frå framande statar med familie og stab, militære einingar som oppheld seg på territoriet, FN-delegatar og einskilde andre internasjonale organisasjonar etter særskild avtale med vertslandet.
Full eksterritorialrett inneber: Forbod mot alle former for utøving av tvang mot person, bustad eller eigedom, at vedkomande ikkje kan stemnast for statsdomstolane og fritak for personlege skattar og avgifter. I tillegg gjeld lovene til heimlandet i personrettslege spørsmål.
Føremålet er å sikre desse gruppene høve til å utøve eigne funksjonar utan innblanding frå opphaldsstaten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012