Hopp til innhold
X
Innhald

Elite

Elitar er små grupper med makt til å påverke samfunnsutviklinga. Dei finst i alle land, også i land med demokratiske styresett.

I daglegspråket bruker vi gjerne ordet elite om folk som er særleg flinke til noko. Dei som utmerkjer seg i idretten, kallar vi idrettselite, dei med professorutdanning, omtaler vi som kunnskapselite. I mange samanhengar er elitestatus knytt til heider og prestisje.

I samfunnsvitskapen blir elite nytta om personar og grupper med makt. Forskarane snakkar om elite heller enn overklasse og bruker omgrepet på ein nøytral måte for å kartleggje kven som har makt i samfunnet. Dei skil mellom tre hovudtypar: Den økonomiske eliten er næringslivsfolk med formuar og makt til å opprette og leggje ned bedrifter. Profesjonseliten er personar i politikk, forvalting og organisasjonar, som gjer vedtak på vegner av fellesskapen. Kultureliten er personar innanfor forsking, kulturliv og medium, som ytrar seg med autoritet i det allmenne ordskiftet.

Grensene mellom elitane er flytande, og talet på elitar er ikkje gitt. I Statistisk sentralbyrå si leiarskapsundersøking i 2015 kom byrået fram til ti elitar, som i alt omfatta knappe 1500 personar.

Frå 1800-talet har skulering og utdanning vore nøkkelen som kan gi flinke folk frå alle samfunnslag tilgang til elitestillingar. Det held ikkje alltid stikk. Eksamenar og prestasjonar er ikkje nødvendigvis nok til å få innpass i næringslivseliten, der sosiale nettverk ofte avgjer kven som slepp til.

Elitar kan vere spydspissar i ei samfunnsutvikling som folk flest nyt godt av, men elitar kan òg fjerne seg frå folket. Dei siste tiåra har dei politiske partia i aukande grad vore drivne av heiltidspolitikarar, og Stortinget er i minkande grad representativt for veljarane. Ifølgje Maktutgreiinga (1998–2003) er folkestyret svekt. Ikkje-valde elitar har fått større armslag, mellom anna ved at Stortinget har gitt frå seg makt til internasjonale organisasjonar og har privatisert offentlege oppgåver.

Også i andre vestlege land er politisk makt flytta ut av folkevalde forsamlingar til marknadsstyrte organ som ikkje står til ansvar overfor innbyggjarane. På 2000-talet har det vakse fram grupper som er sterkt kritiske til denne utviklinga. Harmen er retta både mot politikarar i eige land og mot EU, som stiller krav til kva slags politikk medlemslanda kan føre. Dei misnøgde meiner at demokratiet blir uthola, og at dei privilegerte elitane ikkje bryr seg om korleis vanlege fok har det. I slike krinsar er elite eit nedsetjande ord.


Kjelder

Axel Fjeldavli: «– Det finns ikke én elite», agendamagasin.no, publisert 8.2.2019: https://agendamagasin.no/intervjuer/finnes-elite/ [lesedato 28.4.2019]

Trygve Gulbrandsen: «Er den norske eliten elitistisk?», agendamagasin.no, publisert 6.9.2017: https://agendamagasin.no/kommentarer/norske-eliten-elitistisk/ [lesedato 25.2.2019]

Gunn Kvalsvik: «Vi er ikke så like som vi tror», samfunnsviteren.no, publisert 2017: https://samfunnsviteren.no/2017/06/13/vi-er-ikke-sa-like-som-vi-tror/ [lesedato 28.4.2019]

Statistisk sentralbyrå: «Lederskapsundersøkelsen 2015», ssb.no, publisert 10.3.2017: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/lederskapsundersokelsen-2015 [lesedato 25.2.2019]

Gabriel Steinsbekk: «Policyprofesjonelle i Norge», idunn.no, publisert 2018: https://www.idunn.no/norsk_sosiologisk_tidsskrift/2018/05/policyprofesjonelle_i_norge [lesedato 27.4.2019]

UiO, Det samfunnsvitskaplege fakultetet: «Maktutredningens hovedkonklusjoner» sv.uio.no, publisert 28.10.2003, oppdatert 25.11.2010: https://www.sv.uio.no/mutr/aktuelt/nyhetsarkiv/maktutredningens_hovedkonklusjoner_kort.html [lesedato 28.6.2019]

 

Peikarar

NRK P2, «Ekko»: «Hvem er eliten her til lands?» Intervju med sosiolog Marte Mangset, radio.nrk.no

Maria T. Pettrém: «Landet der ingen vil være elite», aftenposten.no

Først publisert: 28.08.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019