Hopp til innhold
X
Innhald

Familieinnvandring

Nære familiemedlemer av ein norsk eller utanlandsk statsborgar som allereie har opphaldsløyve i Noreg, kan, om visse vilkår er oppfylte, få opphaldsløyve for å leve saman med denne personen. Denne typen opphald blir kalla familieinnvandring.

I utlendingslova blir personen som allereie har opphaldsløyve i Noreg, kalla «referanseperson». Familieinnvandrarar er oftast ektefelle, sambuar eller barn av referansepersonen. Ein skil ofte mellom to typar familieinnvandring: familieforeining, der referansepersonen får familiemedlemer til Noreg, og familieetablering, der ein person som ikkje har slektsband til referansepersonen, kjem til Noreg for å etablere familie med vedkomande, til dømes ved giftarmål.

I perioden 1990–2015 kom det 267 000 personar frå land utanfor Norden til Noreg gjennom familieinnvandring. Den største gruppa som har fått opphald gjennom familieetablering, er personar – oftast kvinner – som kjem for å gifte seg med ein norsk statsborgar. Talet på familieforeiningar har auka etter tusenårsskiftet, og dei fleste som kjem, er i familie med ein arbeidsinnvandrar. I 2017 var det for første gong flest familieforeiningar der referansepersonen var ein flyktning. Dei fleste av desse familieinnvandrarane kom frå Syria og Eritrea.

Utlendingslova inneheld fleire krav som søkjarane må oppfylle. Til dømes må referansepersonen, dersom vedkomande er flyktning eller har permanent opphaldsløyve på grunn av behov for vern, ha budd og arbeidd eller teke utdanning i Noreg i fire år før familieforeining kan bli innvilga. Ved familieetablering der begge partar er utanlandske statsborgarar, må begge ha fylt 24 år. Føremålet er å hindre at unge menneske blir henta til Noreg for å gifte seg mot sin vilje. Som oftast må referansepersonen også dokumentere inntekt over ei viss grense det siste året. I 2018 var denne grensa på 260 744 kroner i året før skatt. Asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve for mindre enn eit år sidan, er unnatekne frå dette kravet når ektefellen eller born søkjer om familieforeining. Den vanlegaste grunnen til at søknader om familieinnvandring blir avslått, er at inntektskravet ikkje er oppfylt.

Kjelder

Minja Tea Dzamarija og Toril Sandnes: Familieinnvandring og ekteskapsmønster 1990–2015. Statistisk sentralbyrå, Rapporter 2016/39.

«Familieinnvandringstillatelser etter søkerens statsborgerskap og oppholdsgrunnlaget til personen i Norge (2017)», udi.no: https://www.udi.no/statistikk-og-analyse/statistikk/familieinnvandringstillatelser-etter-sokerens-statsborgerskap-og-oppholdsgrunnlaget-til-personen-i-norge-2017/ [lesedato 26.2.2018]

Lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova), sist endra 1.1.2018, lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-05-15-35 [lesedato 2.3.2018]

Først publisert: 05.12.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018