Hopp til innhold
X
Innhald

Fleirtal

Fleirtal. I røystingar skil ein mellom enkelt eller simpelt fleirtal. Det vil seie det høgaste av røystetala utan omsyn til den samla summen.
Absolutt fleirtal vil seie over halvparten av alle røyster, medan kvalifisert fleirtal vil seie over ein viss brøkdel (2/3, 3/4) av det samla røystetalet. Brøkdelen blir fastsett på førehand.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012