Hopp til innhold
X
Innhald

Føderalisme

Føderalisme (av latin, foedus, forbund) er eit politisk system som arbeider for å opprette ein føderalstat, det vil seie ein forbundsstat. I EF-landa gjekk såleis dei som var tilhengjarar av føderalisme, inn for at EF skulle bli ein sambandsstat: Europas sameinte statar. Gjennom omdanninga frå EF til EU har denne tanken til ein viss grad fått gjennomslag. Føderalisme er ei politisk rørsle som i ein føderalstat går inn for å styrkje forbundsmakta på kostnad av delstatsmakta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012