Hopp til innhold
X
Innhald

Folkefront

Folkefront som namn på samarbeidet mellom alle venstreorienterte parti, vart først brukt i Frankrike i 1935 (Front populaire) om den blokkdanninga som oppstod i frykt for at fascistane skulle kome til makta, slik som i Tyskland og Italia.
I samband med vala i Spania i 1936 vart ein folkefront danna (Frente popular). Han var retta mot den reaksjonære og klerikale (prestestanden) blokka. Folkefronten fekk fleirtal i vala. Det var denne nye samlingsregjeringa som general Franco gjorde opprør mot i juli 1936.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012