Hopp til innhold
X
Innhald

Forbrukarombodet

Forbrukarombodet (FO), embete oppretta i 1973 som har som føremål å vurdere om marknadsføringstiltak er lovlege og rimelege med omsyn til forbrukarane. Etter nærare reglar kan Forbrukarombodet kontrollere om kontraktklausular som næringsdrivande nyttar overfor forbrukarane, er rimelege.
 
Forbrukarombodet er ein frittståande institusjon under Barne- og likestillingsdepartementet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012