Hopp til innhold
X
Innhald

Første mai

Første mai er ein internasjonal demonstrasjons- og kampdag for arbeidarklassa. Initiativet til streik for åttetimarsdagen vart vedteken av American Federation of Labour i 1888. Stiftingskongressen til den andre internasjonale i 1889 vedtok å gjere den første maidagen til internasjonal demonstrasjonsdag frå 1. mai 1890. Dei tyske nazistane vedtok i 1933 å gjere dagen til "arbeidets dag", på same tid som fagrørsla vart undertrykt.
I Noreg har 1. mai vore offentleg høgtidsdag sidan 1947.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012