Hopp til innhold
X
Innhald

Frankfurtskulen

Frankfurtskulen eller Institutt for sosialforsking vart grunnlagt av Felix Weil i Frankfurt i 1923, med føremålet å drive Marx-inspirert samfunnsforsking.

Frå 1931 vart Max Horkheimer (1895–1973) leiaren, og Theodor W. Adorno (1903–69) vart ein nør medarbeidar. Medlemmene av instituttet kom frå ulike fag og studerte ei rekkje kulturelle fenomen i lys av det marxistisk inspirerte framandgjeringsomgrepet. Dei flytta til USA i krigen og kom tilbake i etterkrigstida. Den mest kjende representanten i andre generasjon er Jürgen Habermas (f. 1929). Eit kjent verk frå miljøet er Horkheimer og Adornos Opplysningens dialektikk (på tysk i 1947), der dei drøftar korleis opplysning kan slå om i barbari, slik det skjedde under Hitler.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 06.11.2019