Hopp til innhold
X
Innhald

Fredsforsking

Fredsforsking er eit svært breitt forskingsfelt innanfor folkerett, statsvitskap, sosiologi, internasjonal politikk, psykologi og strategi.
Institutt for fredsforskning vart oppretta i Oslo i 1959. Det er ein frittståande institusjon med internasjonalt miljø, kjend som PRIO. Fredsforsking blir òg drive ved Chr. Michelsens Institutt, Utenrikspolitisk Institutt og ved Universitetet i Oslo. I 1969 var Universitetet i Oslo først i verda med å opprette eit professorat i konflikt- og fredsforsking.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012