Hopp til innhold
X
Innhald

Fysiokrati

Fysiokrati eller fysiokratisme (frå gresk, eigentleg naturherredøme) er namnet på det første vitskaplege samfunnsøkonomiske systemet som vart grunnlagt av Quesnay, Turgot med fleire i ca 1750. Dei såg på jordbruket som den einaste verdiskapande næringa. Fysiokratiet spelte ei viktig rolle i opptakta til Den franske revolusjonen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012