Hopp til innhold
X
Innhald

Ghetto

Ghetto (frå italiensk) er ein jødebydel og namn på meir eller mindre avstengde gater eller kvartal som jødane i mellom- og søreuropeiske byar vart viste til å bu i.
Ghettoar er kjende frå 1300-talet, særleg i store byar som Amsterdam, Paris, Roma, Mainz og Praha, men namnet vart først brukt i Venezia tidleg på 1500-talet.
I den andre verdskrigen oppretta tyskarane ghettoar i fleire byar. Den verste er ghettoen i Warszawa som fungerte som ein sorteringssentral, og der opptil ein halv million jødar til tider var stuva saman medan dei venta på vidaresending og likvidering. Warszawaghettoen vart etter ein desperat og heltemodig oppstand frå jødane gjort til inkjes av tyske SS-troppar.
I nyare språkbruk blir ghetto brukt om eit avgrensa bustadområde med ei spesiell folkegruppe.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012