Hopp til innhold
X
Innhald

Kadrar

Kadrar (frå fransk cadre, ramme). Rammebefalet i ein hær, det vil seie grunnstamma av befal, delvis òg verva mannskap som avdelinga blir bygt opp rundt.
I kommunistisk terminologi er det grunnstamma eller kjernen i partiet, men kadrar blir òg brukt om partimedlemmer som arbeider målmedvite i organisasjonar utanfor partiet med sikte på å verve dei til partiet eller gjere dei til organ for partipolitikken. Til dømes kan kaderpartiet bli brukt om kommunistpartiet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2012
Sist oppdatert: 29.03.2012