Hopp til innhold
X
Innhald

Kanselli

Kanselli (frå latin cancellaria, til cancer, gitter, skranke), eigentleg embetsrom delt av med ein eller fleire skrankar. I mellomalderen var det kontoret til kanslaren som mellom anna stod for ferdiggjering og utsending av dekret frå kongen eller regjeringa. Etter kvart brukt i einskilde land om ulike statlege kontor og organ.
Kanselliråd er ein embetstittel frå unionstida med Danmark. I Sverige blir det brukt om byråsjefar i departement (kanselliråd).
Kansellistil inneber ein omstendeleg og snirklete skrivemåte prega av ei tung, substantivistisk uttrykksform og mange og lange setningsledd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2012
Sist oppdatert: 29.03.2012