Hopp til innhold
X
Innhald

Kanslar

Kanslar (frå latin cancellarius, dørvaktar, kammertenar, jamfør kanselli), frå tidleg mellomalder tittel på den personen, som oftast ein geistleg, som sørgde for korrespondanse og utsending av statlege dekret på vegner av kongen eller fyrsten. Etter kvart vart tittelen brukt generelt om kongerådgivarar, ministrar og statsrådar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2012
Sist oppdatert: 29.03.2012