Hopp til innhold
X
Innhald

Kjernefamilie

Kjernefamilie, ein familie med mor, far og ugifte, heimeverande born, som tradisjonelt har vore den vanlegaste måten å bu på. Endringar i samfunnsstrukturen på grunn av skilsmål og det at kvinner har fått ei sterkare stilling i samfunnet, har redusert talet på kjernefamiliar, men ikkje den ideologiske og politiske statusen. Den politiske definisjonen av kjernefamilie er også i endring. Sambuande par og likekjønna par kan i dag også seiast å vere ein variant av kjernefamilien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2012
Sist oppdatert: 29.03.2012