Hopp til innhold
X
Innhald

Klassekamp

Klassekamp er strid mellom samfunnsklassar. Marxistisk teori seier at det heilt sidan oldtida har gått føre seg ein kamp mellom undertrykkjande og undertrykte klassar. I kapitalismen står kampen mellom kapitalistklassa som eig produksjonsmidla, og arbeidarklassa eller proletariatet som er eigedomslaus. Målet til kommunismen er endeleg siger til proletariatet i klassekampen og innføring av eit klasselaust samfunn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2012
Sist oppdatert: 29.03.2012