Hopp til innhold
X
Innhald

Koalisjon

Koalisjon (frå latin coalescere, gro saman), samanslutning eller allianse mellom to eller fleire statar eller politiske parti.
Koalisjonskrigane er krigane som ein koalisjon av europeiske makter førte mot Frankrike i 1793–97, 1798–1801 og 1805–07.
Koalisjonsregjering er ei parlamentarisk regjering med representantar frå to eller fleire, men ikkje alle politiske parti i nasjonalforsamlinga. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2012
Sist oppdatert: 29.03.2012