Hopp til innhold
X
Innhald

Kognatar

Kognatar, slektningar av begge kjønn som òg er knytte til kvarandre gjennom kvinneledd. Det vil seie at dei har felles stamfar gjennom både manns- og kvinneledd, jamfør agnatar. Kognatisk suksesjon er ei tronfølgjeordning der trona òg kan arvast av kvinner, sjølv om ein mann ofte har førerett innanfor same leddet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2012
Sist oppdatert: 29.03.2012