Hopp til innhold
X
Innhald

Konjunktur

Konjunktur (frå latin conjugere, binde saman), marknadstilhøva næringslivet arbeider under. I ein marknad med fri prisdanning vil den økonomiske aktiviteten danne ei bølgjerørsle.
Høgkonjunktur (oppgangstider) blir prega av stigande produksjon og oftast stigande prisar.
Lågkonjunktur (depresjon eller nedgangstider) blir prega av minkande produksjon, arbeidsløyse og fallande prisar.
I 1936 la J.M. Keynes fram ein plan for å kontrollere konjunktursvingingane. Planen har hatt mykje å seie for utforminga av konjunkturpolitikken i dei einskilde landa, men har ikkje vore nok for å meistre dei konjunkturproblema som oppstod i verda i 1970- og 1980-åra.
Ein konjunkturpolitikk inneber både finanspolitiske og pengepolitiske tiltak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2012
Sist oppdatert: 29.03.2012