Hopp til innhold
X
Innhald

Kulturell appropriasjon (appropriering)

Kulturell appropriasjon er å tileigne seg og bruke noko frå ein annan kultur.

Kulturell appropriasjon er opphavleg eit nøytralt sosialantropologisk omgrep som forklarer kva som skjer når kulturar møtest. Ingen kultur er statisk, men utviklar seg ved at nye kulturinnslag vert tilpassa dei gamle.

På 2000-talet har kulturell appropriasjon fått eit negativt innhald. Omgrepet vert knytt til land og personar som er i ein maktposisjon til å plukke ut kulturuttrykk frå andre folkeslag og bruke dei fritt. For dette vert dei kritiserte av grupper både i samfunnet der kulturen vart skapt, og i samfunn der han vert kopiert. Kvite artistar vert skulda for å ape musikkstil etter svarte, vestlege motehus for å herme klesstilen til urfolk.

Kolonimaktene nøgde seg ikkje med å kopiere kulturuttrykk, men tok med seg skulpturar og andre kulturskattar frå koloniane til Europa og plasserte dei på europeiske museum. På 2000-talet har fleire afrikanske land reist krav om å få gjenstandane tilbake.

Kulturell appropriasjon går føre seg i Noreg òg. Då finansminister Siv Jensen i 2017 la ut bilete av seg sjølv på Instagram frå ein departementsfest der ho var kledd i indianarkostyme, fekk ho kritikk. Somme skulda henne for ikkje å bry seg om undertrykkinga av amerikanske urfolk, andre klandra henne for identitetstjuveri. Sametingspresidenten meinte at det var smaklaust å bruke urfolkssymbol som ein morosam gimmick. Våren 2020 vart ein reklamekampanje for joikakaker stoppa fordi kritikarane oppfatta samegut-biletet på emballasjen som kommersiell og krenkjande bruk av samiske kulturuttrykk.

Kulturell appropriasjon er ikkje eit eintydig omgrep, men farga av politiske synspunkt. Grensa mellom akseptabel kulturell appropriasjon og negativ kulturell appropriasjon er difor flytande.

 

Kjelder

Solveig Wiland Gruenke: «Kulturell appropriasjon – minoritetskultur som tilbehør på sosiale medier», socius.sosiologi.org, publisert 10.9.2016: http://socius.sosiologi.org/2016/09/10/kulturellappropriasjon/ [lesedato 15.3.2020]

Store norske leksikon: «Vi diskuterer 'kulturell appropriering' med Thorgeir Kolshus og Liisa-Rávná Finbog på UiO : HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus», facebook.com, sendedato 22.3.2018: https://facebook.com/storenorskeleksikon/videos/1704002222987661/ [sjåardato 15.3.2020]

Martin Skjæraasen: «Vil ha tilbake skattene som Europa stjal», bistandsaktuelt.no, publisert 28.6.2019: https://www.bistandsaktuelt.no/nyheter/2019/senegal-dakar-museum-vil-ha-koloniskatter-tilbake-frankrike-debatt-konflikt/ [lesedato 16.8.2020]

Anne Biret Holmestrand og Anders Boine Verstad: «Snur etter massiv Joika-kritikk – endrer navn og design», nrk.no, publisert 2.7.2020: https://www.nrk.no/sapmi/nortura-snur-etter-massiv-joika-kritikk-_-endrer-navn-og-design-1.15077375 [lesedato 16.8.2020]

Arvid Viken i samarbeid med Camilla Bratland: «Turisme og kulturell appropriasjon, hva skjer med samisk kultur i møtet med turisten?», Norges arktiske universitet, tffk.no: https://www.tffk.no/_f/p1/ic38b6a4d-1f2e-4efa-aa15-4bd58755369b/arvid-viken.pdf [lesedato 14.3.2020]

 

Peikarar

Mohamed Abdi: «Men det var jo bare et kostyme?» antirasistisk.no, publisert 18.10.2017

Gabrielle Graatrud: «Kongolandsbyen åpnet: – Ingen vet hvem som er publikum eller beboere», nrk.no, publisert 15.5.2014

Anders Raahauge: «De kulturelle tyverier», kristeligt-dagblad.dk, publisert 6.4.2017

Først publisert: 21.09.2020
Sist oppdatert: 30.09.2020