Hopp til innhold
X
Innhald

Kulturell kapital

Kulturell kapital er ressursar som har høg prestisje, og som kan omsetjast til politisk makt.

Kulturell kapital endrar seg over tid og varierer mellom ulike samfunn. Det er samtida som avgjer kva for ressursar som vert vurderte som verdifulle. I vestlege land har utdanning vorte ein viktig ressurs. Gjennom høgare utdanning får ein etterspurde kunnskapar, men òg trening i å fange opp nye idear og til å argumentere og ordleggje seg. Synspunkta og språkbruken til dei utdanna får difor lettare gjennomslag i samfunnsdebatten.

Journalistar og kulturformidlarar, professorar og politikarar er yrkesgrupper med mykje kulturell kapital. Dei utgjer kultureliten, den delen av middelklassa som definerer kva som er viktig og rett, og som vert lesne og lytta til. Ofte har dei ein annan livsstil enn folk frå andre sosiale lag, i fritids- og matvanar og i oppfatningar om kunst og kultur. Livsstilen deira gir status, men studiar viser at kultureliten sjølv ikkje utan vidare går med på at dei har ein annan livsstil enn arbeidarklassa, eller at dei er viktigare enn andre.

Kulturell kapital har om lag same tyding som omgrepa høgkultur og finkultur. I nasjonalromantikken på 1800-talet var sansen for norske landskap og bondetradisjonar ein del av høgkulturen. På 2000-talet ser ein restar av dette i sansen for skigåing, segling og hytteliv på fjellet og ved sjøen. Ord som høgkultur og elitekultur har sitt motstykke i lågkultur og populærkultur. Merkelappane er ikkje nøytrale. Dei avspeglar rådande oppfatningar om kva som gir kulturell status.

 

Kjelder

Roger Hestholm: «Kulturforsking i gjennomsnittslandet», sosiologen.no, publisert 22.12.2018: https://sosiologen.no/essay/essay/kulturforsking-i-gjennomsnittslandet/ [lesedato 15.12.2019]

Merete Jonvik: «Diskusjonar om Distinksjonen, og distinksjonar i diskusjonen», Tidsskrift for samfunnsforskning nr. 2/2017, idunn.no: https://www.idunn.no/tfs/2017/02/diskusjonar_om_distinksjonen_og_distinksjonar_i_diskusjonen [lesedato 3.11.2019]

Christian Sømme: «Slik rangerer de hverandre i Stavanger», forskning.no, publisert 5.12.2015: https://forskning.no/international-research-institute-of-stavanger-iris-partner-sosiologi/slik-rangerer-de-hverandre-sosialt-i-stavanger/453860 [lesedato 3.11.2019]

Rasmus Bo Sørensen: «Finkultur har mistet værdi som klassemarkør», information.dk, publisert 26.9.2014: https://www.information.dk/kultur/2014/09/finkultur-mistet-vaerdi-klassemarkoer [lesedato 15.12.2019]

 

Peikarar

Geir Gulliksen: «Hilsen fra kultureliten», sosiologen.no

Gudmund Hernes: «Slik fremstår du som ekspert på noe du ikke har filla greie på», bi.no

NRK: «IKEA er en ny erfaring for Arves snobbete pappa», youtube.com

Først publisert: 12.03.2020
Sist oppdatert: 07.09.2020