Hopp til innhold
X
Innhald

Likeverd

Likeverd vil seie at noko har like stort verd. Forståinga av at alle menneske har like stort verd, er eit viktig grunnlag for demokrati og menneskerettar. Korleis likeverd skal etablerast i samfunnet, har ulike idétradisjonar noko ulike forståingar av.

I Den internasjonale fråsegna om menneskerettane, vedteken i 1948, heiter det i første artikkel at alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. I dei påfølgjande artiklane vert det understreka at alle, uavhengig av kvar dei kjem frå, har ei rad ukrenkjelege rettar. I menneskerettane ligg ei forståing av likeverd som inneber å akseptere skilnader.

Framveksten av fascismen og nazismen synte i førre hundreår dei katastrofale følgjene det kan få om menneskeverdet vert knytt til medlemsskap i bestemte fellesskapar. Dei som fall utanfor desse fellesskapane, til dømes jødane, sigøynarane og dei homofile, opplevde forfølging og grov urett.

I kristen-humanistisk tenking vert likeverd sett i samanheng med menneskeverdet. Trass i ulikskapar i medfødde eller tileigna eigenskapar er alle like verdige.

I Noreg og dei andre nordiske landa har likeverd ofte vorte nært kopla til eller vorte nytta synonymt med omgrepet likskap. Korleis ein skal forstå omgrepet likskap, og korleis ein bør arbeide for likskap i samfunnet, kan variere noko, avhengig av politisk ståstad. Resultatlikskap, det at samfunnet omfordeler goda i samfunnet slik at alle får gode levevilkår, har stått sterkt i sosialismen, medan like rettar har vore ein viktig grunnstein i liberalistisk tankegang.

 

Kjelder

Else Askerøi: «Ideer og realiteter», i Else Askerøi (red.): Likeverd i år 2000. Oslo 2000

Icara da Silva Holmestrand: «Hvordan kan ulike oppfatninger av likeverd påvirke utdanningssystemet i to forskjellige land?», i Else Askerøi (red.): Likeverd i år 2000. Oslo 2000

Arild Holt-Jensen og Ståle Dyrvik (red.): Likeverd. Grunnlaget for demokrati. Oslo 2015

Marianne Gullestad: Det norske sett med nye øyne. Kritisk analyse av norsk innvandringsdebatt. Oslo 2008 (2002)

Arne Johan Vetlesen: «Om menneskers likeverd i spenningsfeltet mellom universalistiske og kommunitaristiske perspektiver», i Jon Wetlesen (red.): Likeverd og forskjell. En etisk intuisjon og dens grenser. Oslo 1997

 

Lars Kolbeinstveit: «Hva er likeverd?» i tankesmia Civita si politiske ordbok, civita.no, oppdatert 22.1.2018: https://www.civita.no/politisk-ordbok/hva-er-likeverd [lesedato 6.11.2018]

Først publisert: 26.03.2019
Sist oppdatert: 26.03.2019