Hopp til innhold
X
Innhald

Makt

Makt er den evna som personar og institusjonar har til å fremje eigne mål ved å få andre til å handle på bestemte måtar.

Makt finst i alle samfunn og i mange variantar. Legitim makt følgjer bestemte stillingar. I Noreg har Stortinget, regjeringa og kommunestyra politisk makt, domstolar dømande makt, politiet tvangsmakt og Forsvaret våpenmakt.

Økonomisk makt finst særleg i næringslivet. Dei som eig og leier bedrifter, har makt over dei tilsette ved å kunne tilby arbeid og løn, og dei har forhandlingsmakt overfor politikarane i spørsmål om skatt og arbeidslivsvilkår.

I media har journalistane argumentasjonsmakt som gjer at dei kan forme den offentlege samtalen. Personar utanfrå med lett tilgang til media har ofte høg status. Dei er med og tolkar verdsbiletet og set rammene for kva som er greitt å meine.

Dei siste tiåra har samspelet mellom lokale, nasjonale og internasjonale maktinstansar vorte endra. Stortinget sin råderett er svekt ved at det er overført makt til EU og andre internasjonale organisasjonar, medan finanskapitalen er styrkt ved at han har teke meir kontroll over globale pengestraumar. Nasjonalt har Stortinget overlate stadig fleire offentlege oppgåver til private selskap. I 2020 minka talet på kommunar frå 428 til 354 og talet på lokalpolitikarar tilsvarande. Reformene utholar folkestyret. Vanlege folk får mindre å seie, bedriftsstyre, byråkratar og fagmiljø meir.

Nokre samfunnsgrupper har fått meir makt. I 1998 vart romar, romaniar, kvenar, skogfinnar og jødar anerkjende som nasjonale minoritetar med rett til vern av språk og kultur. På 2000-talet har etniske og seksuelle minoritetar aksjonert mot diskriminering.

 

Kjelder

Danby Choi: «Servil tilnærming til minoritetene er ikke formålstjenlig», subjekt.no, publisert 7.4.209: https://subjekt.no/2019/04/07/servil-tilnaerming-til-minoritetene-er-ikke-formalstjenlig/ [lesedato 22.6.2020]

Siw Ellen Jakobsen: «– Økt makt til ekspertene kan bli et problem», forskning.no, publisert 2.9.2017: https://forskning.no/sosiologi-ny-politikk/okt-makt-til-ekspertene-kan-bli-et-problem/325562 [lesedato 12.3.2020]

Isak Lekve: «Den mest skjebnesvangre makt – kapitalismen», manifesttidsskrift.no, publisert 23.8.2018: https://www.manifesttidsskrift.no/kapitalismens-makt/ [lesedato 12.3.2020]

Johan P. Olsen: «Sentraladministrajonen i en utfordrende æra: Tid for ettertanke», Idunn nr. 1/2019. Elektronisk utgåve, idunn.no: https://www.idunn.no/nst/2019/01/sentraladministrasjonen_i_en_utfordrende_aera_tid_for_etter [lesedato 13.3.2020]

 

Peikarar

Berit Baumberger, Lorns Bjerkan og Vibeke Borgersen: «Nordmenn har talt: Oslo har for mye makt», aftenposten.no, publisert 17.2.2017

Johanna Hauge og Erik Tufteland Kroken: «Den nye maktgenerasjonen», nrk.no, publisert 1.1.2020

Først publisert: 21.09.2020
Sist oppdatert: 26.09.2020