Hopp til innhold
X
Innhald

Meiningsmåling

Meiningsmåling, opinionsgransking, kartlegging av meiningane som ei gruppe eller ein folkesetnad har om eit spørsmål, vanlegvis med å intervjue eit representativt utval og handsame svara statistisk.
Meiningsmålingar blir brukte i marknadsgranskingar og føreseiing av valresultat, jamfør gallupinstitutt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.03.2012
Sist oppdatert: 30.03.2012