Hopp til innhold
X
Innhald

Metoo

Metoo, emneknagg, kampanje og digital folkerørsle mot seksuell trakassering, som ber det engelske uttrykket for «meg òg».

Uttrykket metoo vart første gongen nytta i sosiale medium i 2006. Aktivisten Tara Bruke skreiv «me too» på det sosiale nettsamfunnet Myspace for å syne offer for seksuelle overgrep at dei ikkje var åleine.

I oktober 2017 oppmoda skodespelaren Alyssa Milano på Twitter alle kvinner som hadde opplevd seksuell trakassering eller overgrep, om å skrive «me too» i Twitter-tråden. Posten hennar vart på få månader delt og kommentert over 150 000 gonger. Ho skreiv oppmodinga med bakgrunn i at filmprodusenten Harvey Weinstein hadde trakassert fleire kvinner over lang tid, utan at nokon fram til då hadde sagt frå offentleg.

Alyssa Milano si Twitter-melding 15. oktober 2017, der ho oppmoda andre som har opplevd seksuell trakassering eller overgrep om å skrive «me too» i Twitter-tråden. Skjermdump 14.2.2018.

Alyssa Milano si Twitter-melding 15. oktober 2017, der ho oppmoda andre som har opplevd seksuell trakassering eller overgrep om å skrive «me too» i Twitter-tråden. Skjermdump 14.2.2018. 

Emneknaggen #metoo har sidan då vore nytta i fleire sosiale medium. Utbreiinga av internett og sosiale medium har gjort at denne kampanjen har nådd raskare og breiare ut enn tidlegare aksjonar mot seksuell trakassering. Det store omfanget har gjort at terskelen for å fortelje om eigne erfaringar har vorte lågare, og grensene for kva som vert tolerert, har òg vorte snevrare. Kampanjen syner korleis sosiale medium kan skape fellesskap og ei kjensle av at ein står sterkare i lag, i fleire land og på kort tid.

I Noreg starta Cathrin Svanevik Frøyen emneknaggen #jegharopplevd i 2015, for å syne kor mange kvinner som har opplevd uønskt seksuell merksemd og trakassering. På få dagar hadde fleire tusen delt historier på Twitter og Facebook. VG og fleire lokale og regionale aviser laga eigne nettstader der lesarane kunne dele historiene sine. Omfanget var stort dei vekene det varte, men merksemda om seksuell trakassering gav seg etter kvart. Den internasjonale metoo-rørsla hausten 2017 fekk større konsekvensar, med utpeiking av enkeltpersonar og store konsekvensar for mange maktpersonar.

Kvinne med mobil. Utbreiinga av internett og sosiale medium har gjort at metoo-kampanjen har nådd raskare og breiare ut enn tidlegare aksjonar mot seksuell trakassering. Foto (2014): Claudio Alvarado Solari, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Kvinne med mobil. Utbreiinga av internett og sosiale medium har gjort at metoo-kampanjen har nådd raskare og breiare ut enn tidlegare aksjonar mot seksuell trakassering. Foto (2014): Claudio Alvarado Solari, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Metoo i verda og i Noreg

Metoo-rørsla skil seg frå mange tidlegare folkerørsler ved at ho ikkje er formelt organisert og har få spesifikt uttalte felles mål. Det er sjeldan at ei rørsle i sosiale medium har gitt så store etterverknader i kultur- og samfunnslivet. Som følgje av auka merksemd omkring seksuell trakassering har fleire i mediebransjen, kulturlivet og politikken på få månader måtta trekkje seg frå verv, roller eller posisjonar.

I Noreg, Sverige, Finland og Island har oppgjeret med seksuell trakassering vore meir organisert enn i andre delar av verda. Kvinner i fleire bransjar har samla seg rundt opprop, med eigne talspersonar og med offentleggjering av eigne erfaringar, for sjølve å starte ei endring i bransjen dei arbeider i.

I Noreg har nokre av dei mest omfattande oppropa vore i mediebransjen, blant legar og medisinstudentar (#utentaushetsplikt), dansarar (#nårdansenstopper), songarar (#visyngerut), skodespelarar (#stilleforopptak), folk i kommunikasjonsbransjen (#kommunikasjonssvikt), folk i fagrørsla (#ikketilforhandling), bistandsarbeidarar (#donotharm), eigedomsbransjen (#nårgrunnmurensprekker), akademikarar (#metooakademia), teknologibransjen (#systemdown) og musikarar (#nårmusikkenstilner). I tillegg har det vore eigne opprop i nokre politiske parti.

Alle dei bransjespesifikke debattane har i tillegg til å lyfte fram døme på seksuell trakassering teke opp dei underliggjande problemstillingane som har ført til at ukulturane kunne halde fram. Blant desse problema er mellombelse tilsetjingar som fører til svært ujamne maktforhold mellom leiing og arbeidstakar, mannsdominert leiing og tilgang til og bruk av alkohol på eller i nær tilknyting til arbeidsplassen. Desse tre problemområda har vore gjengangar i debatten om seksuell trakassering i fleire tiår.

galleri

Store konsekvensar i dei politiske partia

Frå desember 2017 til januar 2018 fekk alle dei åtte politiske partia på Stortinget varslingssaker om seksuell trakassering i eige parti. På kort tid måtte ein nestleiar, ein ungdomspartileiar, ein parlamentarisk nestleiar og ein fylkesordførar i fire ulike parti trekkje seg frå verva sine.

I Noreg var det fleire slike saker i medieorganisasjonar og i politiske parti frå 1990-talet og utover. Også etter desse hendingane endra fleire ungdomsparti og partiorganisasjonar retningslinjene for alkoholbruk og hadde eigne postar på arrangement for å gjere deltakarane medvitne om maktstrukturar, grensesetjing og kva som kravdest for å ha tillit.

Alle dei politiske partia har som følgje av dei mange sakene evaluert, og fleire har endra, rutinane sine for handtering av varsel om seksuell trakassering eller misbruk av maktposisjonar.

Parlamentariske leiarar i møte på Stortinget 30.1.2018 om metoo. Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Parlamentariske leiarar i møte på Stortinget 30.1.2018 om metoo. Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Ein del av større trendar over tid

Korkje utpeikinga av enkeltpersonar, debatten om dei underliggjande problema eller tiltaka som er sette i verk, er nye. Det er omfanget som gjer metoo-rørsla så viktig. Ordskiftet har ført til større medvit om omfanget og kan leggje grunnlaget for ei mentalitetsendring når det gjeld seksuell trakassering.

Grensa for å ta i bruk juss, politikk og offentlege hjelpetiltak mot usunne relasjonar har flytta seg mykje i etterkrigstida. Det som tidlegare ikkje vart omtalt, av respekt for privatlivet, har vorte sentrale emne i sosial-, justis- og likestillingspolitikken. Mange knyter denne endringa til feministbølgja i 1970-åra, der «Det personlege er politisk» var eit av slagorda.

På 2000-talet vart vald i nære relasjonar eit sentralt emne, ikkje berre i sosialpolitikken, men også i justispolitikken. I Noreg har strafferammene for seksuell trakassering, vald i nære relasjonar og valdtekt vorte stramma inn fleire gonger sidan tusenårsskiftet. Den same utviklinga har vi sett i heile Europa. På same tid har lovverket mot diskriminering og trakassering i arbeidslivet vorte strengare og tydelegare i dei fleste europeiske landa.

1. mai-tog i Oslo i 1976 med parolen «Ingen klassekamp uten kvinnekamp». Ukjend fotograf. Kjelde: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Digitaltmuseum.no CC BY-NC-ND 4.0.

1. mai-tog i Oslo i 1976 med parolen «Ingen klassekamp uten kvinnekamp». Ukjend fotograf. Kjelde: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Digitaltmuseum.no CC BY-NC-ND 4.0.

Kritikk av kampanjen

Metoo-kampanjen har fått kritikk for å vere ei heksejakt mot enkeltpersonar, utan at det har gitt større endringar i seksualundervisinga, arbeidslivspolitikken eller betre rettstryggleik for offera.

Kampanjen har òg fått kritikk for ikkje å skilje mellom seksuell trakassering og seksuelle overgrep. Samstundes har andre trekt fram at nettopp det at all form for seksuell krenking har vorte tematisert, har gitt større medvit om korleis ulik åtferd vert oppfatta, og har skapt ein tryggleik som gjer at mange kan stå fram, slik at haldningane kan endrast over tid.

Ei anna side ved kampanjen som har vore kritisert, er at det heile starta som ei solidaritetsrørsle kvinner imellom. Med det utgangspunktet, hevdar kritikarane, er overgrep og trakassering mot menn framleis eit tabulagt emne. Men etter kvart som kampanjen tok av, har også menn stått fram, med eigne opplevingar, og i solidaritet med kvinnene som har opplevd det same.

Presseetikk, varslarvern og rettstryggleik

Ein annan tendens, som kom med biletblada og fjernsynet i 1960-åra, og som er sentral for å forstå konsekvensane av metoo-kampanjen, er at skiljet mellom den offentlege og den private leiaren, kjendisen eller politikaren har vorte mindre. Terskelen for kva ein ser som relevant å omtale offentleg, har vorte lågare. På den måten har vi fått ein kultur der det er enklare å ta eit oppgjer med dei som utnyttar makta si seksuelt eller på andre måtar.

Fleire av dei tidlegare sakene, og heile metoo-debatten, har ført til fleire debattar om presseetikk. Debattane har handla om kva pressa kan publisere, korleis dei presenterer ei sak, kven som kan kome med påstandar, og korleis ein kan svare på påstandar. Også dette er problemstillingar som er eldre enn bruken av sosiale medium i denne debatten, men som får større aktualitet når det er så enkelt å publisere og spreie saker til så mange.

Metoo har òg handla om tryggleiken til dei som varslar. Retten til å kunne ytre seg, også når det går på tvers av lojaliteten til arbeidsgivaren, har vorte klarare formulert dei siste åra. Frå 1. juli 2017 må arbeidsgivarar ha ein skriftleg rutine for å handtere varsel. Som ei følge av metoo-kampanjen krev Kulturdepartementet i tilskotsbreva til institusjonar som dei gir fast pengestøtte til, at organisasjonane har retningslinjer mot diskriminering og trakassering. Gjennom heile 2000-talet har varslarvernet vorte styrkt, og plikta arbeidsgivaren har til å arbeide mot diskriminering og trakassering, har vorte tydelegare.

Fleire varslarar har i samband med metoo-kampanjen kritisert medieleiingar og politiske parti for å ikkje ta sakene deira alvorleg. Nokre av varslarane har òg kritisert media for ikkje å verne om anonymiteten deira. I samband med sakene i dei politiske partia har det òg kome ein debatt om rettane og rettstryggleiken til dei som vert klaga inn.

I 2008 lanserte FN kampanjen UNiTE («foreine»), med mål om å auke folk sin kunnskap om vald mot kvinner og samle politisk vilje til å gjere noko med problemet. Kvart år sidan 2008 går kampanjen over 16 dagar med start 25. november, som er den internasjonale dagen mot vald mot kvinner. UNiTE-kampanjen har òg peika ut den 25. i kvar månad som Orange Day (den oransje dagen), ein dag for ekstra merksemd og motstand mot vald mot kvinner. I 2017 vart årets UNiTE-kampanje og oransje dagar òg knytt til metoo-kampanjen. Bilete av markering i Tanzania 25. november 2017. Kvinner kledd i oransje marsjerer mot vald mot kvinner. Foto: UN Women / Deepika Nath, UN Women på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

I 2008 lanserte FN kampanjen UNiTE («foreine»), med mål om å auke folk sin kunnskap om vald mot kvinner og samle politisk vilje til å gjere noko med problemet. Kvart år sidan 2008 går kampanjen over 16 dagar med start 25. november, som er den internasjonale dagen mot vald mot kvinner. UNiTE-kampanjen har òg peika ut den 25. i kvar månad som Orange Day (den oransje dagen), ein dag for ekstra merksemd og motstand mot vald mot kvinner. I 2017 vart årets UNiTE-kampanje og oransje dagar òg knytt til metoo-kampanjen. Bilete av markering i Tanzania 25. november 2017. Kvinner kledd i oransje marsjerer mot vald mot kvinner. Foto: UN Women / Deepika Nath, UN Women på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. 

Kjelder

Hilde Danielsen (red.): Da det personlige ble politisk. Den nye kvinne- og mannsbevegelsen på 1970-tallet. Oslo 2013

Heidi Helene Sveen: Såpass må du tåle. Sex, krenkelser og offentlig debatt. Oslo 2016

 

«#når dansen stopper: 'På turné kaller han en av danserne hore etter å ha sett henne på en bar'» (opprop frå 792 frå dansekunsten), aftenposten.no, sist oppdatert 13.12.2018 (krev abonnement): https://www.aftenposten.no/kultur/i/wEPaz5/nardansenstopper-Pa-turn-kaller-han-en-av-danserne-hore-etter-a-ha-sett-henne-pa-en-bar [lesedato 29.1.2018]

«#når musikken stilner: 'Plutselig stakk han to fingre inn i meg under skjørtet mitt'» (opprop frå 1110 kvinner frå musikkbransjen), aftenposten.no, sist oppdatert 27.11.2017 (krev abonnement): https://www.aftenposten.no/kultur/i/qnp89z/narmusikkenstilner-Plutselig-stakk-han-to-fingre-inn-i-meg-under-skjortet-mitt [lesedato 27.1.2018]

«#stille for opptak: 590 kvinnelige skuespillere tar et oppgjør med ukulturen i Norsk TV, film og teater» (opprop frå 568 norske skodespelarar), aftenposten.no, sist oppdatert 23.11.2017 (krev abonnement): https://www.aftenposten.no/kultur/i/0wPRg/stilleforopptak-590-norske-kvinnelige-skuespillere-tar-et-oppgjor-med-ukulturen-i-norsk-TV_-film-og-teater [lesedato 28.1.2018]

«#utentaushetsplikt: 3600 norske leger og medisinstudeneter bryter tausheten. Vil stoppe trakassering og maktmisbruk», aftenposten.no, sist oppdatert 12.12.2017, https://www.aftenposten.no/norge/i/VRbQm6/-utentaushetsplikt-3600-norske-leger-og-medisinstudenter-bryter-tausheten-Vil-stoppe-trakassering-og-maktmisbruk [lesedato 25.1.2018]

 Avisenes Nyhetsbyrå (ANB): «Kritisk til akokultur», siste no, sist oppdatert 10.2.2012: https://www.siste.no/politikk/kritisk-til-alkokultur/s/1-71-5922275https://www.siste.no/politikk/kritisk-til-alkokultur/s/1-71-5922275 [lesedato 29.1.2018]

Justitiedepartementet (i Sverige): «En ny sexualbrottslagstifting byggd på frivillighet», faktablad, regeringen.se, desember 2017: http://www.regeringen.se/4b00ca/contentassets/f5cbb33336db4c62a94fd11e07d5dd22/en-sexualbrottslagstiftning-byggd-pa-frivillighet [lesedato 28.1.2018]

Øyvind Lefdal Eidsvik: «Hun startet stormen som ble #jegharopplevd», aftenposten.no, sist oppdatert 17.4.2015: https://www.aftenposten.no/kultur/i/zeqK/Hun-startet-stormen-som-ble-jegharopplevd [lesedato 7.2.2018]

Kvinnefronten: «Norske #metoo opprop», kvinnefronten.no, sist oppdatert 15.12.2017, http://kvinnefronten.no/norske-metoo-opprop/ [lesedato 29.1.2018]

NJ Tromsø: «Debattmøte om pressens rolle i Roger Ingebrigtsen-saken», sist oppdatert 13.12.2012: https://www.facebook.com/events/380489282039148/ [lesedato 29.1.2018]

NTB: «Nye metoo-varsler i flere partier», rbnett.no, sist oppdatert 2.2.2018: http://www.rbnett.no/nyheter/2018/02/02/Nye-metoo-varsler-i-flere-partier-16011455.ece [lesedato 7.2.2018

Kristoffer Rønneberg: «#metoo-kampamjen er ikke ny. Uttrykket ble skapt av denne kvinnen for et tiår siden», aftenposten.no, sist oppdatert 8.12.2017: https://www.aftenposten.no/verden/i/ngaxpa/metoo-kampanjen-er-ikke-ny-Uttrykket-ble-skapt-av-denne-kvinnen-for-et-tiar-siden [lesedato 25.1.2018]

Sarah Sørheim: «#metoo var det viktigste som skjedde i 2017. Men jobben er ikkje gjort», aftenposten.no, sist oppdatert 28.12.2017: https://www.aftenposten.no/mening#mr/kommentar/i/kaRklv/metoo-var-det-viktigste-som-skjedde-i-2017-Men-jobben-er-ikke-gjort--Sarah-Sorheim [lesedato 27.1.2018]

Agnes Nærland Viljugrein: «Etter metoo har vi ikke råd til en passiv regjering», dagsavisen.no, sist oppdatert 7.2.2018: https://www.dagsavisen.no/nyemeninger/etter-metoo-har-vi-ikke-r%C3%A5d-til-en-passiv-regjering-1.1096049 [lesedato 7.2.2018]

 «Varsling», temaside om varsling», virke.no: https://www.virke.no/lovverk-radgiving/jus-arbeidsliv/temasider/varsling/ [lesedato 29.1.2018]

«Hvor går de juridiske grensene for seksuell trakassering?», virke.no, publisert 6.12.2017: https://www.virke.no/lovverk-radgiving/jus-arbeidsliv/fagartikler/hvor-gar-de-juridiske-grensene-for-seksuell-trakassering/ [lesedato 29.1.2018]

NOU 2008: 4: Fra ord til handling – Bekjempelse av voldtekt krever handling: regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2008-4/id497659/ [lesedato 29.1. 2018]

Prop. 12 S (2016–2017): Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-12-s-20162017/id2517407/ [lesedato 29.1.2018]

 

Først publisert: 16.02.2018
Sist oppdatert: 17.08.2018