Hopp til innhold
X
Innhald

Modernisering

Modernisering er eit hovudtema i nyare samfunnsvitskap.

Fleire av dei klassiske sosiologane freistar å tolke kva som skjer i overgangen mellom tradisjonelle og moderne samfunn. Emile Durkheim (1858–1917) legg vekt på arbeidsdelinga, Ferdinand Tonnies (1855–1936) på overgangen frå tette, familiære relasjonar til meir forretningsmessige.

Max Weber (1864–1920) viser at samfunnsfunksjonar som marknad, stat og religion blir skilde frå kvarandre i moderne tid. I eldre sosiologi rekna ein også sekularisering som eit moderne trekk, eit syn som vart nyansert på totusentalet.

I norsk samanheng har mellom anna filosofen Gunnar Skirbekk skrive om dette temaet.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 06.11.2019