Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonale folkerøystingar i Noreg

Folkerøysting eller referendum er å få høyre meininga til dei som har røysterett i eit land eller ein landsdel. Folkerøystinga kan vere avgjerande, slik som i til dømes Sveits, eller ho kan vere rådgivande.
I Noreg kan ei folkerøysting berre vere rådgivande, men resultatet blir alltid respektert av Stortinget. Folkerøysting vart nytta om kongespørsmålet 12. og 13. november 1905, om alkoholforbodet 5. og 6. september 1919 og 18. oktober 1926, om EF-medlemskapen 24. og 25. september 1972 og EU-medlemskapen 27. og 28. november 1994.
Folkerøysting til godkjenning for utført statshandling (plebisitt) vart teke i bruk 13. og 14. august 1905 i samband med godkjenninga av unionsoppløysinga. Kommunale folkerøystingar blir òg brukte til dømes i spørsmål om kommunesamanslåingar og sal av alkohol.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 12.08.2015