Hopp til innhold
X
Innhald

Polyandri

Polyandri (frå gresk poly, mange, og anar, mann), ekteskap mellom éi kvinne og fleire menn, oftast brør. Denne ekteskapsforma er særleg kjend i Tibet og mellom inuittar, men opptrer spreidd i alle verdsdelar. Nemninga blir brukt på tilsvarande måte om andre dyreartar, til dømes om fuglar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012