Hopp til innhold
X
Innhald

Profitt

Profitt (frå latin profectus, framgang, verknad, via italiensk og fransk), fordel; vinst, vinning; avkasting, forteneste. Å profittere vil seie å få ein fordel eller ha utbyte av og tene på noko. Ein profitør er ein som tener umoralsk mykje på ei verksemd. Profitabel tyder fordelaktig, innbringande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012