Hopp til innhold
X
Innhald

Protokoll

Protokoll (frå gresk proto-, først, og kolla, lim), eigentleg det som er limt inn fremst. Det vil seie det første bladet i ein papyrusrull. Ein protokoll kan vere referat frå forhandlingar, møte og liknande, og namn på den boka som referatet er ført inn i, dokument med oppsummering av gangen i og resultatet av diplomatiske forhandlingar eller eit samleomgrep for alt som har med formene og seremoniellet for kongehuset og utanrikstenesta å gjere.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012