Hopp til innhold
X
Innhald

Regent

Regent, det regjerande overhovudet i ein monarkisk stat. Nemninga blir særleg brukt om den som står for statsstyringa når det eigentlege statsoverhovudet er sjuk eller fråverande. Regentskap er nemninga på statsrådet når det mellombels tek over funksjonane til statsoverhovudet fordi det ikkje finst ein myndig tronarving.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012