Hopp til innhold
X
Innhald

Rettsstat

Rettsstat, ein stat som i stor grad er prega av rettstryggleik. Det vil seie at sjølve rettssystemet sikrar den einskilde borgaren mot vilkårlege inngrep frå statlege styresmakter, særleg frå politi og regjering. Domstolane må òg vere uavhengige. Det motsette er ein politistat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012