Hopp til innhold
X
Innhald

Rushdie-saka

I ei erklæring, ein fatwa 14. februar 1989, erklærte den iranske ayatollah Khomeinei dødsdom over forfattaren Salman Rushdie og alle dei som var delaktige i utgivinga av den islamkritiske romanen Sataniske vers.
Romanen var omstridd og mange muslimar oppfatta den som blasfemisk. I fleire muslimske land vart boka forbode.
Fatwaen vart følgd av demonstrasjonar og protestar i mange muslimske land og tre attentat i utgivarlanda: mot den italienske omsetjaren Ettore Capriolo 3. juli 1991, den japanske omsetjaren Hitoshi Igarashi som vart drepen 11. juli 1991 og den norske forleggjaren William Nygaard 10. oktober 1993. Nygaard vart skoten i heimen sin i Oslo, men overlevde.
Salman Rushdie. Foto: Antonio Nava / Secretaria de Cultura, Mexico. CC BY SA 3.0
Salman Rushdie. Foto: Antonio Nava / Secretaria de Cultura, Mexico. CC BY SA 3.0
Fatwaen skapte sterke reaksjonar, òg i FN, og gjorde at det kom krav om sanksjonar mot regiment i Iran for omfattande brot på folkeretten som suvereniteten og non-intervensjonsprinsippet, og menneskerettskonvensjonar.
Sjå video frå NRK: Attentatet mot William Nygaard
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 29.01.2015