Hopp til innhold
X
Innhald

"Scandinavian Star"-ulukka

"Scandinavian Star"-ulukka. 158 passasjerar omkom då den danskåtte og Bahamas-registrerte passasjerferja "Scandinavian Star" brann i Skagerrak 7. april 1990.  I tillegg døydde ein person seinare av skadar. Dette er den største skipsulukka i Noreg i nyare tid.
Årsaka til skipsulukka er uklar og omstridd. Den norske kapteinen og to danske reiarar vart dømde til korte fengselsstraffer. overlevande og pårørande i både Noreg, Sverige og Danmark har arbeidd for ny etterforsking i fleire år.  Styresmaktene har fleire gongar avvist kravet om å ta opp att etterforskinga. Våren 2013 leverte ei stifting som har etterforska brannen, eit nytt og omfattande bevismateriale til norsk politi. 
Kjelder
Even Kjølleberg: «Dødsskipet Scandinavian Star», www.nrk.no, publisert 7.4.2010: http://www.nrk.no/kanal/nrk_gull/1.7067790 [lesedato 16.5.2013] 
Lars Halskov: «Baggrund: 'Scandinavian Star' er den største mordgåde i Skandinavien», www.politiken.dk
Ole-Tommy Pedersen: «Ønsker dansk-norsk etterforskning av 'Scandinavian Star'», ap.no, publisert 25.4.2013: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Onsker-dansk-norsk-etterforskning-av-Scandinavian-Star-7185277.html#.UZSK8LXDvSg [lesedato 16.5.2013]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 19.05.2015