Hopp til innhold
X
Innhald

Sekretær

Sekretær (frå mellomalderlatin secretarius, eigentleg den som har hand om sekretet, det vil seie seglet, via fransk secrétaire) Sekretær kan tyde skrivar, ein person som tek seg av kontorarbeidet til den overordna.
I offentlege etatar blir nemninga brukt om høgare embetspersonar som statssekretærar, og om tenestepersonar av lågare rang som administrasjonssekretær eller førstesekretær. Ein sekretær kan òg vere ein person som er valt eller tilsett for å utføre kontorarbeid for styret i ei foreining eller liknande.
I større samanheng er det ein person som leier sekretariatet til foreininga eller samanslutninga, det vil seie å vere generalsekretær for administrative organ som FN, NATO og andre internasjonale organisasjonar.
Ein sekretær kan òg vere eit skuffemøbel med skriveklaff.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012