Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialisering

Sosialisering, psykisk og sosiologisk, livsvarig læring av sosiale roller, ofte gjennom uformell og formell overvaking gjennom andre, "sosial kontroll", og eventuell straff og løn, "sanksjonar". Tileigning av slike rollenormer som ein del av eigen identitet, og "overvakinga" deira gjennom eige samvit, blir kalla "internalisering".
Sosialisering er også ei samfunnsvitskapleg nemning for det at samfunnet tek over private verksemder og andre økonomiske verksemder. Viss det er staten som står for sosialiseringa, blir det ofte kalla nasjonalisering. I nyare tid har styringsformer som inneber ulike gradar av sosialisering, oppstått. Lova om bedriftsdemokrati har gitt dei tilsette større påverknad. Dette er òg ei form for sosialisering.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012