Hopp til innhold
X
Innhald

Tsjernobyl-ulukka

Den største sivile kjernekraftulukka i historia skjedde 26. april 1986 ved eit kjernekraftverk i Tsjernobyl, ti mil nord for Kiev i Ukraina. 

Målingar viste auka radioaktivitet i mange land etter ulukka, til og med så langt vekk som i Japan. Også Noreg vart råka.  Mesteparten av forureininga fall ned over Russland, Kviterussland og Ukraina, men vêr og vind gjorde at radioaktivt materiale spreidde seg i mange land på den nordlege halvkula. Ulukka førte til auka motstand mot kjernekraft i ei rekkje land.

Ei sone på rundt 30 kilometer rundt kraftverket blei erklært som faresone i 1986 og om lag 135 000 menneske evakuert. 56 menneske døde som følgje av eksplosjonen og av akutte stråleskader i vekene etter ulukka. Tala på døde og sjuke som følgje av ulukka i åra etter varierer og er usikre.

Etter atomulykka blei det bygt ein mellombels sarkofag av betong og metall over reaktoren for å minske utsleppa. Ein ny i stål kom på plass i 2017.

galleri

Kjelder

Per Wium, Eiliv Lund og Jon B. Reitan: «Medisinske konsekvenser av Tsjernobyl-ulykken», Tidsskrift for Den norske legeforening, publisert 4.10.2007: https://tidsskriftet.no/2007/10/internasjonal-medisin/medisinske-konsekvenser-av-tsjernobyl-ulykken [lesedato 13.4.2018]

«Chernobyl Accident 1986», World Nuclear Association, sist oppdatert November 2016: http://world-nuclear.org/information-library/safety-and-security/safety-of-plants/chernobyl-accident.aspx [lesedato 13.4.2018]

Peikarar

FNs minnedag etter Tsjernobyl-ulukka

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 25.04.2018