Hopp til innhold
X
Innhald

Claude Lévi-Strauss

Claude Lévi-Strauss, 1908–2009, var fransk sosialantropolog og grunnleggjar av den strukturalistiske filosofien. Ein av dei viktigaste påstandane hans var at det menneskelege intellektet følgjer dei same logiske grunnprinsippa i alle kulturar. Blant verka hans er Tristes tropiques (1955, Tropisk elegi, 1973), Antropologie structurale (1958), La pensée sauvage (1962).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012