Hopp til innhold
X
Innhald

Eilert Sundt

Eilert Sundt, 1817–75, var samfunnsforskar og prest. Han hadde statsstipend 1848–69 for å studere landstrykarar. Arbeidet vart etter kvart utvida til å omfatte heile den sosiale tilstanden i Noreg. Han var sokneprest i Eidsvoll i 1870, redaktør for Folkevennen 1857–66 og stifta Oslo Arbeidersamfund i 1864. "Eilert Sundts lov" om variasjon i fødselskulla har hatt mykje å seie.
Sundt stod for ein omfattande sosiologisk forfattarskap, mellom anna Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge (1850), Om Sædeligheds-Tilstanden i Norge (1857), Om Rensligheds-Stellet i Norge (1869).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012