Hopp til innhold
X
Innhald

Fredrik Barth

Thomas Fredrik Weibye Barth (1928–2016) var den første norske professoren i sosialantropologi.

Thomas Fredrik Weibye Barth var fødd 22. desember 1928 i Leipzig og døydde 24. januar 2016 i Oslo. Han var den første norske professoren i sosialantropologi, utdanna i USA og England, og tok doktorgrad ved Cambrigde i 1957. Han var professor ved Universitetet i Bergen 1961–74, professor ved Universitetet i Oslo og styrar av Entografisk Museum 1974–1985, statsstipendiat frå 1985 og gjesteprofessor ved fleire universitet i USA.
Barth har hatt mykje å seie for utviklinga av norsk samfunnsvitskap og han markerte seg sterkt internasjonalt, mellom anna med publisering av meir enn 100 verk i utlandet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 30.10.2020