Hopp til innhold
X
Innhald

Hilde Opoku

Hilde Nøsen Opoku, statsvitar, politikar og tidlegare talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne, saman med Rasmus Hansson.

Hilde Opoku er fødd 4. mai 1968 i Trondheim og er oppvaksen der. Ho gjekk på vidaregåande skule i Trondheim i 1984–87 og tok hovudfag i statsvitskap ved NTNU i 1997 med ei oppgåve om olje- og gassrelaterte teknologioverføringar mellom Noreg og Russland. I 2001 tok ho doktorgrad 2001 same staden, med industriell økologi som fagfelt. Opoku har òg studert og arbeidd i USA, Ghana, Island og Storbritannia.

Ho var kommunestyrerepresentant og gruppeleiar for Sosialistisk Venstreparti i Trondheim i 2003–10 og var dessutan landsstyrerepresentant for SV før ho melde overgang til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i 2010. I perioden 2011–15 sit ho i kommunestyret for MDG i Trondheim, der ho òg er gruppeleiar. Opoku blei medlem av landsstyret i MDG i 2011, og i 2014 blei ho vald til talsperson for MDG saman med Rasmus Hansson. Det vervet hadde ho til 2016. Frå 2015 er ho varaordførar i Trondheim.

Opoku meiner at all politikk òg er miljøpolitikk, ønskjer at MGD skal bli det nye arbeidarpartiet, vil samarbeide med fagrørsla for å få til redusert arbeidstid (6-timarsdag) framfor høgare løn eller auka forbruk. Målet er økologisk balanse i eit samfunn med grøn tilrettelegging.

Ho har vore nestleiar i Framtiden i våre hender og var fylkesleiar i Grønn hverdag i Midt-Noreg i 2008–11.

Kjelder

«Ny toppledelse i Miljøpartiet De Grønne», mdg.no, publisert 27.4.2014: http://www.mdg.no/nyheter/ny-toppledelse-i-miljopartiet-de-gronne/ [lesedato 2.6.2014]

Peikarar

Presentasjon av førstekandidat Hilde Opoku, Trondheim MDG, vedkommunevalet 2015

«Mer enn grønt», nytid.no, publisert 6.5.2014

Andrea Rygg Nøttveit: «Vil ha 30 prosent nynorsk», framtida.no, publisert 5.5.2014

«Ny MDG-topp: -Vi må bli det nye arbeiderpartiet», avisenagder.no,publisert 26.4.2014

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 21.02.2017