Faktaboks

Jan Egeland
Jan Laurits Egeland
Fødd
12. september 1957, Stavanger, Rogaland
Verke
Politiker og organisasjonsmann
Familie

Foreldre: Rektor, senere statsråd Kjølv Egeland (1918–99) og Margot Kristiane Sunde (1922–).

Gift 8.4.1989 med seniorrådgiver Anne Kristin Sydnes (13.5.1956–), datter av sivilingeniør Alf Sydnes (1919–2006) og Wenche Waaden (1930–).

Jan Egeland
Jan Egeland i 2005.
Av .

Jan Egeland er ein norsk organisasjonsmann frå Stavanger som i ei årrekkje har arbeidd på toppnivå med konfliktløysing, naudhjelp, demokrati og menneskerettar. Sidan 2013 er han generalsekretær i Flyktninghjelpen. Tidlegare har han mellom anna vore generalsekretær i Raudekrossen i Noreg og visegeneralsekretær i FN. Egeland var statssekretær i Utanriksdepartementet i perioden 1992–1997.

Bakgrunn

Jan Laurits Egeland er fødd i Stavanger i Rogaland. Han tok examen artium ved Stavanger katedralskole i 1976, magistergrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1985 og arbeidde som forskingskoordinator ved Henry Dunant Institute i Genève i 1985–1987.

Karriere

Egeland var den som koordinerte dei første samtalane som førte til Oslo-avtalen, mellom Israel og PLO, i 1993. Han har òg arbeidd med fredsforhandlingar mellom anna i Guatemala, Sudan, på Balkan, Kypros og i Colombia og har greidd å mobilisere massemedia for å gi saker merksemd.

I 1987–1990 var Egeland informasjonsleiar og deretter utanlandssjef for Raudekrossen i Noreg. Egeland var personleg rådgivar for utanriksminister Thorvald Stoltenberg frå Arbeidarpartiet i 1990–1992 og statssekretær i Utanriksdepartementet i 1992–1993 for statsråd Thorvald Stoltenberg, i 1993–1994 for statsråd Johan Jørgen Holst og i 1994–1997 for statsråd Bjørn Tore Godal. Han var spesialrådgivar i Raudekrossen i 1997–1999 og spesialrådgivar for FN i Colombia i 1999–2001.

I perioden 2002–2003 arbeidde han som generalsekretær for Raudekrossen i Noreg, han var visegeneralsekretær for humanitær bistand og naudhjelp i FN i 2003–2006 og spesialrådgivar for generalsekretæren i FN i 2007. Frå 2007 til 2011 var Egeland direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI), i 2011–2013 var han europadirektør i Human Rights Watch, og han blei generalsekretær i Flyktninghjelpen i 2013.

Andre verv og utmerkingar

Egeland blei tildelt Peer Gynt-prisen i 2005, og Time Magazine kåra han i 2006 som eit av dei 100 menneska i verda som har mest påverknadskraft. Han har hatt verv i Amnesty International og sat i styret til International Crisis Group fram til 2012. Frå 2015 til 2018 leidde han ei arbeidsgruppe oppnemnd av FN for å gi vern til syriske flyktningar, og målet var å få på plass ein fredsavtale.

Utgjevingar

Boka Impotent Superpower – Potent Small State. Potentials and Limitations of Human Rights Objectives in the Foreign Policies of the United States and Norway kom i 1988 og var basert på magistergradsoppgåva hans. I 2007 gav han ut boka Det nytter. Rapport fra frontlinjene.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg