Hopp til innhold
Per Selle. Foto: Samlaget. Nytta etter avtale.
Per Selle. Foto: Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Per Selle

Per Selle, professor i statsvitskap, ein av dei fremste forskarane i Noreg på demokratiutvikling, sivilsamfunn og frivillige organisasjonar.

Per Selle er fødd i Bremnes i Bømlo 30. juli 1954. Han vart cand.polit. ved Universitetet i Bergen i 1980 med ei hovudfagsoppgåve med tittelen «Norges kommunistiske parti ved Stortingsvalga i 1945 og 1949. Ein historisk og økologisk analyse». Han tok doktorgraden same staden i 1986 med avhandlinga Norges Kommunistiske parti 1945–1950. Sidan 1992 har han vore professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og har hatt oppdrag ved Rokkansenteret. I 1980- og 90-åra dreiv han velferdsforsking og var nokre år ein av hovudredaktørane for bokserien Politikk og velferd. Frå 2015 har han vore forskar II ved Universitetet i Tromsø.

I studiar av frivillige organisasjonar frå slutten av 1800-talet viser Selle korleis lokalt forankra foreiningar med stor grad av sjølvstende, men i samklang med sentrale styresmakter, fungerte som opplæring i demokrati og var viktige aktørar i nasjonsbygginga. Særleg motkulturrørslene med ideologiske formål mobiliserte breitt på bygdene. Han slår fast at organisasjonane, uavhengig av formål, i avgjerande grad har vore med på å gjere Noreg til eit høgtillitssamfunn.

Selle set eit tidsskilje for masseorganisasjonane ved 1980. Då veik idékampen for organisasjonar med meir eigennyttige formål, kortare tidshorisont og profesjonelle leiarar. Det nye organisasjonskartet var ei av fleire samfunnsendringar som svekte folkeleg deltaking i politikken. I 1998–2003 var Selle med i styringsgruppa for den andre maktutgreiinga. Hovudtemaet for prosjektet galdt endringar i det norske demokratiet, i ei tid med auka rettsleggjering, meir marknadsmakt og internasjonale bindingar. Forskarane kom fram til at vilkåra for politisk medverknad hadde vorte merkbart innsnevra. I Farvel til folkestyret? Nasjonalstatene og de nye nettverkene (2003) oppsummerer Selle og Tranvik dei viktigaste funna.

I Samepolitikkens utvikling (2015) studerer han framveksten av det samiske sivilsamfunnet. Han konstaterer at samar er tett integrerte i det norske storsamfunnet, og at dei i liten grad har danna eigne samiske organisasjonar. Sametinget som valkanal har fått større makt, men politiske innspel frå organisasjonskanalen er sparsame. Selle drøftar kva dette kan få å seie for legitimiteten til Sametinget.

Sidan 2014 har han vore med i ei forskingsgruppe som ser på korleis digitalisering og sosiale medium har endra rammene for organisert samhandling.

Kjelder

Telefonsamtale med Per Selle 31.1.2018

Bjørn Bjerkli og Per Selle (red.): Samepolitikkens utvikling. Oslo 2015

Per Selle og Bjarne Øymyr: Frivillig organisering og demokrati. Det frivillige organisasjonssamfunnet endrar seg 1940–1990. Oslo 1995

Tommy Tranvik og Per Selle: Farvel til folkestyret? Nasjonalstaten og de nye nettverkene. Oslo 2003 (i serien Makt og demokratiutviklingen 1998–2003)

Ragnar Audunson: «Offentlighetens akvarium». Bok og Bibliotek nr. 6/2016, bokogbibliotek.no: http://www.bokogbibliotek.no/offentlighetens-akvarium [lesedato 1.2.2018]

Tommy Tranvik og Per Selle: «The Rise and Fall of Popular Mass Movements». Acta Sociologica nr. 1/2007, journals.sagepub.com: http://journals.sagepub.com/toc/asja/50/1 [lesedato 25.4.2018]

Først publisert: 09.08.2018
Sist oppdatert: 09.08.2018