Hopp til innhold

Rolv Jostein Lyngstad

Rolv Jostein Lyngstad, professor i statsvitskap, samfunnsforskar og aktiv politikar.

Rolv Jostein Lyngstad er fødd i Inderøy i Nord-Trøndelag 26. februar 1945. Han tok examen artium ved Steinkjer landsgymnas i 1965, vart cand.polit. i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1975 og dr.philos. i statsvitskap ved Universitetet i Tromsø i 1999. Frå 1975 har han vore tilsett ved Høgskolen i Bodø, no Universitetet i Nordland, der han vart professor i 2011.

Det eine feltet i forskinga hans handlar om formell kontra uformell politisk makt. I doktoravhandlinga følgjer han ein vedtaksprosess i Bodø kommune og registrerer at det ikkje berre er politikarane, men òg private interessegrupper, som avgjer utfallet. I Makt og avmakt i kommunepolitikken tek han temaet vidare og viser at sjølv om kommunane får større politisk sjølvstende, er det ikkje sikkert folkestyret vert styrkt. For sterke aktørar kan påverke politikken på uformelle måtar.

Det andre forskingsfeltet hans er sosialpolitikk. Hovudoppgåva i statsvitskap er ein analyse av lausgjengarlova, og han har gjort komparative studiar av sosialpolitikken i fleire land.

Ved Høgskulen i Bodø har Lyngstad utmerkt seg som institusjonsbyggjar. Han har drive internasjonal nettverksbygging og har vore pådrivar for profesjonsstudiet i sosialt arbeid og for hovudfagsstudiet og doktorgradsutdanninga i sosiologi.

Lyngstad er aktiv i Sosialistisk Venstreparti og har hatt kommunalpolitiske verv som leiar for helsevern og sosial omsorg og som medlem av formannskapet og bystyret i Bodø.

Kjelder

Rolv Lyngstad, curriculum vitae, Universitetet i Nordland: http://old.uin.no/omuin/ansatte/ansattoversikt/Pages/VisAnsatt.aspx?EmpID=334&Guid=c77517ca-2e5b-434c-b02f-60bb8741df10&Lang=NO [lesedato 15.11.2014]

Peikarar

Rolv Lyngstad: «Kommunal velferdspolitikk – handlingstvang eller revitalisering?» kommunetorget.no

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 24.08.2015