Filleonkel er ein mannleg partnar til eit av foreldra sine sysken.

Ordet har også blitt brukt om fetteren til far eller mor, om ein grandonkel, eller om ein fjernare (vaksen) mannleg slektning av borna. Det tilsvarande om kvinner heiter filletante.

Det er usikkert kva det fyrste leddet, fille-, kjem av.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg