Hopp til innhold

Kvenar

Kvenar, eller norskfinnar, er etterkomarar av folk med finsk bakgrunn som innvandra til Noreg gjennom fleire hundreår, og som snakka den finskætta dialekten kvensk.

På 1700-talet slo kvenar seg ned i Vest-Finnmark og Troms, frå 1830-åra var det fleire som valde Aust-Finnmark. Dei tidlege var ikkje innvandrarar i eigentleg forstand, då den norske riksgrensa ikkje var fastsett enno. Kvenane var bufaste folk som livnærte seg som jordbrukarar og fiskarar, og ofte var det mange som budde på same staden. Alta vart kalla kvenbyen, og Vadsø vart omtalt som kvenane sin hovudstad. På 2000-talet bur det norske kvenar over heile Noreg. Kor mange dei utgjer, er uklart, då det er opp til den enkelte å bestemme om dei vil verte oppfatta som kven.

I fornorskingstida på 1800-talet vart kvenane diskriminerte politisk og kulturelt. Nokre vart landsforviste, fordi styresmaktene frykta at dei var meir lojale mot Finland enn mot Noreg. Andre fekk ikkje kjøpe jord, fordi dei ikkje kunne norsk. På skulen vart kvensk redusert til hjelpespråk, og frå 1936 var det ikkje lov å bruke kvensk i det heile. Etter krigen var det kvenske språket i ferd med å døy ut, og den kvenske kulturen var svekt.

Dei siste tiåra på 1900-talet vaks det fram eit nytt syn på minoritetar. Fornorskingspolitikken vart avblåst. Elevar i Troms og Finnmark har fått rett til opplæring i kvensk eller finsk, og i 2005 vart kvensk anerkjent som eige språk. Kvenar har starta organisasjonar der dei arbeider for ulike kampsaker, og det er oppretta kvenske språksenter og kvenske kultursenter. I 2020 har tre kommunar kvensk som eit av tre offisielle språk.

 

Kjelder

Reidun Mellem: «Den kvenske salmearven», Klassekampen, 11.7.2020 [lesedato 11.7.2020]

 

Bjørg Evjen: «Bidrag til historien om den kvenske befolkningen i Finnmark», kvenskinstitutt.no: http://www.kvenskinstitutt.no/historie/bidrag-til-historien-om-den-kvenske-befolkningen-i-finnmark/ [lesedato 25.1.2020]

Lars Ivar Nordal: «Hjertespråket som ikke ville dø», Språknytt nr. 3/2019, elektronisk utgåve, sprakradet.no: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/spraknytt-32019/hjertespraket-som-ikke-ville-do/ [lesedato 25.1.2020]

NRK P2: Tett på, radio.nrk.no: https://radio.nrk.no/serie/tett-paa-sapmi/SANY07000120/04-01-2020 , 4.1.2020 [lyttedato 1.2.2020]

Utdanningsdirektoratet: «Kvener/norskfinner», udir.no, sist oppdatert 23.11.2015: https://www.udir.no/globalassets/filer/laringsmiljo/nasjonale-minoriteter/nasjonale_minoriteter_kvener_norskfinner.pdf [lesedato 1.2.2020]

 

Peikarar

Laila Lanes: «– Et blindspor å utvikle et kvensk skriftspråk», nrk.no, sist oppdatert 15.1.2018

Kommunal- og moderniseringsdepartementet: «Gratulerer med Kvenfolkets dag!», regjeringen.no, publisert 16.3.2020

Først publisert: 24.09.2020
Sist oppdatert: 25.09.2020