Hopp til innhold

Nasjonale minoritetar

Nasjonale minoritetar er grupper med etniske og språklege særpreg som skil dei frå fleirtalet, og som har langvarig tilknyting til eit land. Frå 1999 har jødar, kvenar, romar, romaniar og skogfinnar status som nasjonale minoritetar i Noreg.

Den norske politikken overfor dei nasjonale minoritetane byggjer på internasjonale menneskerettsdokument. Noreg har skrive under på Den europeiske minoritetsspråkpakta og Europarådet sin konvensjon for vern av nasjonale minoritetar, som forpliktar staten til å fremje språkleg og kulturell likeverd for minoritetane. Kva for grupper som utgjer ein nasjonal minoritet, er det opp til staten å bestemme. Kven som identifiserer seg med ei minoritetsgruppe, er opp til den enkelte å avgjere.

Dei nasjonale minoritetane har kome til Noreg på ulike tidspunkt og av ulike grunnar. Skogfinnar innvandra frå Finland på 1600-talet for å drive svibruk på Austlandet. Tyngda av kvenar kom frå Finland til Finnmark og Troms på 1800-talet og slo seg ned som jordbrukarar og fiskarar. Romaniar/taterar har budd i Noreg sidan 1500-talet, romar/sigøynarar frå rundt 1860. Begge dei sistnemnde gruppene var omreisande handelsfolk som periodevis oppheldt seg utanlands. Europeiske jødar byrja å kome til Noreg etter at lova som forbaud dei å kome inn i landet, vart oppheva i 1851. Mange av dei var politiske flyktningar.

Nasjonale minoritetar har ofte vorte diskriminerte til fordel for fleirtalet av nordmenn. Fornorskingspolitikken frå rundt 1850 hadde som mål at minoritetane måtte verte mest mogleg like fleirtalet. Nokre grupper vart utsette for statleg diskriminering, og alle måtte lære seg norsk. Tidleg på 1900-talet vart norske romar og romaniar utviste frå Noreg, og under krigen vart norske jødar sende til utryddingsleirar i Tyskland.

Etter siste verdskrigen har haldningane til minoritetar endra seg radikalt. Internasjonale erklæringar om menneskerettar og respekt for minoritetar er innarbeidde i norsk lov, og dei nasjonale minoritetane har eigne organisasjonar til å fremje kulturelle og politiske krav.

 

Kjelder

Nik. Brandal, Cora Alexa Døving og Ingvill Thorson Plesner (red.): Nasjonale minoriteter og urfolk i norsk politikk fra 1900 til 2016. Oslo 2017

 

Norges institusjon for menneskerettigheter: «Rapport 2019 – Norges nasjonale minoriteter», nhri.no, publisert 8.11.2019: https://www.nhri.no/2019/temarapport-2019-norges-nasjonale-minoriteter/ [lesedato 25.1.2020]

Regjeringa: St.meld. nr.15 (2000-2001) Nasjonale minoritetar i Noreg – Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar, regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-15-2000-2001-/id585195/ [lesedato 25.1.2020]

 

Peikarar

Geir Ove Fonn: «Utenriksminister Ine Eriksen Søreide bekymret for minoriteter under press», vl.no, publisert 3.2.2020

Snøball Film: «Identitet – ungdommer fra de nasjonale minoritetene», kortfilm, nafo.oslomet.no, publisert 2015

Først publisert: 24.09.2020
Sist oppdatert: 10.11.2020